HEI-FARA!

Hei-Fara Lillebjørn Nilsen album

VALLE AUTO & BENSIN
Tekst og musikk: Lillebjørn Nilsen ©

Å, eg fann ei vakker jente nedi Setesdal.
Ho sto vakt på Valle Auto & Bensin.
Og ho lo til meg så eg blei både heit og kald.
Så eg spurde: «Vil du vere venen min?»
Men ho svara at: «Eg er nok ikkje fri.
Eg har ein som eg vil elske all mi tid.
Det er ei fele lagt i handa på ein spelemann,
som kan spele slik som berre setesdølar kan.»

(Og særleg om han speler «Sordølen», da:
sudidudi dei dudi dei dudi dudi dei!)

Og kvar laurdag må eg høyre på min kavaler.
Men du kan vel også følgje med?
Eg blei svartsjuk og sa: «Eg vil'kje ha det der!
Denne fela der skal jaggu halde fred!»
Og så satt eg med gitaren på mitt kne.
Og eg øvde trutt og talde: ein to tre ...
Og då helga kom så sa eg: «Snille jenta mi,
no skal eg få spele danselåta di!»

(Og så spelte eg «Sordølen», da:
dælælæ ... )

Men ei jente er'kje betre nedi Setesdal,
for ho visste ikkje kven ho ville ha.
Og slik er det med ei jente som er dansegal:
ho kan like gjerne svare nei som ja.
Så no sitt vi her og speler både to.
Og ute der på golvet svive ho!
Og i morgon som ho søv den beste svevnen sin,
må eg stå vakt på Valle Auto & Bensin ...

Å MINE VISER DEI ER SÅ MANGE
Gamle stevtekster. Arr.: Lillebjørn Nilsen.
(Gitar stemt: DADGCD)

Å mine viser dei er så mange
som heggjeblomane drys i fangje.
So hev det vore i all si tid,
til meir eg kved dei til fleir dei bli.

Når eg vil sitja einstads og kveda
då tenkjer dei at det er av gleda.
Dei ser kje auget som er så vått,
og hjartet sprekke mest sundt av gråt.

Hot hjølper venleiken nær eg svelter
og støtt og jemt etter føda elter?
Hot hjølper venleik fe uta mat?
Hot hjølper venleik med tome fat?

Mi snille jente koss er det laga,
du seie nei og du vil meg hava?
Mi snille jente koss er det til?
Du seie nei og du gjønne vil?

No vil me helse no vil me skiljast
fe alli meir her på jordi finnast.
Sko detta vera den seinste gong
så fær me rekkje kvorare hond.
 
Share